Birgitte Kjos Fonn
Utsjånad
Birgitte Kjos Fonn | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. januar 1961 (63 år) |
Yrke | skribent |
Birgitte Kjos Fonn (fødd 7. januar 1961) er ein norsk journalist, historikar og forfattar fødd i Oslo.
Fonn er professor ved Institutt for journalistikk og mediefag (IJM) ved Oslomet – storbyuniversitetet, og fagansvarleg for sakprosalinja ved IJMs mastergrad.[1] Fonn er redaktør for det fagfellevurderte tidsskriftet Mediehistorisk Tidsskrift.[2]
Fonn er dr.philos. i historie og cand.polit. i sosiologi frå Universitetet i Oslo, og har mastergrad (MSc) i «The Politics of the World Economy» (politisk økonomi, ei grein av statsvitskap) frå London School of Economics.[3] Ho har òg skrive fleire skjønnlitterære bøker.[3] Fonn arbeidde tidlegare som utanriksjournalist og har òg vore redaktør for tidsskriftet Internasjonal politikk.[4][5]
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Media Health. The Personal in Public Stories. Universitetsforlaget 2020 (red. med Nathalie Hyde-Clarke, Harald Hornmoen og Yngve Benestad Hågvar). https://www.universitetsforlaget.no/media-health. Sakprosa
- Journalistikk, profesjon og endring (red. sammen med Paul Bjerke og Birgit Røe Mathisen). Orkana Akademisk forlag (2019). Sakprosa
- Putting a Face on it. Individual Exposure and Subjectivity in Journalism (red. med Nathalie Hyde-Clarke, Harald Hornmoen og Yngve Benestad Hågvar). Cappelen Damm Akademisk (2017). Sakprosa
- Økonomijournalistikk. Perspektiver og metoder (red. sammen med Paul Bjerke og Espen Sørmo Strømme), Fagbokforlaget (2016). Sakprosa
- 50 år med journalistutdanning. En historie om akademiseringen av et yrkesfag. Cappelen Damm Akademisk (2015). Sakprosa
- Orientering. Rebellenes avis. Pax (2011). Sakprosa
- Mons og Biff passer presidentens kuer. Schibsted (2009). Barnebok
- Mons og Biff mot stjernehimmelen. Schibsted (2009). Barnebok
- Norsk utenrikspolitisk praksis. Aktører og prosesser (red. sammen med Iver B. Neumann og Ole Jacob Sending). Cappelen Akademisk (2006). Sakprosa
- Mons og Biff – pølseangrepet. (2005). Barnebok
- Med verden som bakteppe. Historien om Gründertiden ved NUPI 1959-1969 (sammen med Vebjørn Elvebakk). NUPI (2003). Sakprosa
- Trollkyss, Cappelen (2000). Ungdomsroman
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Birgitte Kjos Fonn, OsloMets nettsider
- ↑ «Mediehistorisk Tidsskrift», Mediehistorisk Tidsskrift (på engelsk), henta 15. november 2021
- ↑ 3,0 3,1 Sentrum, Cappelendamm | Postadresse: Postboks 1900. «Birgitte Kjos Fonn» (på norsk). Henta 4. februar 2020.
- ↑ «Barnebok-moro med journalister» (på norsk). 16. desember 2005. Henta 4. februar 2020.
- ↑ «Birgitte Kjos Fonn ny redaktør» (på engelsk). 13. september 2016. Arkivert frå originalen 4. februar 2020. Henta 4. februar 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Birgitte Kjos Fonn» frå Wikipedia på bokmål, den 15. november 2021.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Presentasjon av Birgitte Kjos Fonn i Forfatterkatalogen på nettstaden til Forfattersentrum